Hopp til innhold

- Skuffande mange utan bilbelte

66 bilførarar måtte torsdag ut med gebyr fordi dei køyrde utan bilbelte i Førde.

Operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane Politidistrikt seier dette er skuffende med tanke på at det skjer under eitt døger etter at 57 personar vart stansa i ein tilsvarande kontroll i Førde.

Solvåg seier dette berre viser at dei no må intensivere beltekontrollane i dette området.