Han fryktar det kan oppstå eit skilje mellom dei som har råd til å betale, og dei som ikkje har råd.
Illustrasjonsfoto: NRK
- No er vi i ein situasjon der det er fare for at dei med mest pengar kan gje borna ei god estetisk og kulturell opplæring, medan andre må nøye seg med det som føregår i grunnskulen, seier han.
- Ein menneskerett
Magne Espeland meiner det er ein menneskerett for barn og unge ha eit opplæringstilbod i musikk, men dei auka prisane gjer at stadig fleire foreldre droppar denne opplæringa. Og når heller ikkje grunnskulen kan gi ei tilfredsstillande opplæring, kan vi få eit kulturelt klasseskilje.
Brukar 17.000 i året
Torunn Gro Blomdal har tre barn ved kulturskulen i Leikanger. Ho brukar 17.000 kroner i året for at dei skal kunne få lære seg å spele instrument.
- Eg ser kor mykje dette betyr for dei, kor mykje ballast det gjev. Dei har veldig mykje glede av å spele, seier ho.
Dersom prisnivået held fram med å halde seg høgt, veit ikkje Torunn Gro Blomdal kva ho skal gjere.
- Vi får vurdere det frå år til år, men viss prisane stig, må vi nok redusere på tilbodet, seier ho.
Treng estetikk og kultur
Magne Espeland meiner politikarane kan motverke det kulturelle klasseskiljet dersom dei tek grep no.
- Den eine tingen regjeringa kan gjere er å gå i dialog med dei som forvaltar rammeverket til kulturskulane, slik at dei får endra på det. Og det må skje hurtig. Det andre dei kan gjere er å dreie fokuset i skuleverket, slik at ein ikkje satsar så einsidig på lesing, skriving og rekning. Og at ein verkeleg tek konsekvensen av at estetikk og kultur er noko eit kvart menneske treng opplæring i samfunnet i dag, seier han.