Hopp til innhold

- Runesteinen bør vere på Stedje

– Runesteinen på Stedje bør bli ståande der han er, med ein glasmonter som vern, meiner ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Runesteinen i Sogndal før og etter

FØR OG ETTER: Til høgre ser vi steinen slik han såg ut før snøryddinga i 2012, til venstre den avbrotne steinen som dukka fram av snøhaugen våren 2012.

Foto: Stein Bondevik og Kjell Arvid Stølen

I mars i fjor vart det oppdaga at den meir enn 900 år gamle runesteinen ved Stedje kyrkje var skadd av snørydding.

Les og om runesteinen på Stedje i Fylkesleksikonet .

Runestein ved Stedje kyrkje

SLIK VAR STEINEN: Dette biletet vart teke i 2009.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Overbygnad av glas

I eit brev til Sogndal kommune skriv no Dei kulturhistoriske samlingane ved Universitetet i Bergen at dersom runesteinen skal bli ståande der han er i dag må han få ein permanent overbygnad, til dømes i glas.

Alternativet er å plassere steinen innandørs, anten i Sogndal eller i Universitetsmuseet i Bergen.

Men ordførar Jarle Aarvoll er innstilt på at den verdfulle steinen skal få bli ståande på Stedje.

– Dette er eit kulturminne, og kulturminne eignar seg best på den staden det har stått heile tida. Om steinen skal stå i ein monter heile året eller berre delar av året vil eg ikkje begi meg inn på.

Frigitt av politiet

Sist vinter var steinen dekka til av ein mellombels monter. Men tilstandsrapporten fortel at steinen etter skaden er blitt ekstra sårbar, den er utsett for frostsprenging vinterstid.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jarle Aarvoll

VIL HA STEINEN PÅ STEDJE: Ordførar Jarle Aarvoll.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skaden på runesteinen i 2012 vart meld til politiet, som enno ikkje er ferdig med etterforskinga. Men steinen er no frigitt for reparasjonsarbeid, og Universitetsmuseet vil gjerne kome i gang med arbeidet så snart som råd er.

Difor ber dei Sogndal kommune om å garantere for ein sum avgrensa opp mot 200.000 kroner. Ordførar Jarle Aarvoll seier dei vil strekke seg langt for å få det til.

– Vi kjenner vårt ansvar i denne saka, så vi må finne ei løysing slik at vi kan bevare steinen best mogeleg.