Hopp til innhold

- Prisen må ned

Besøkssenteret ved Astruptunet må bli billegare og mindre, meiner fagfolk.

Astruptunet
Foto: NRK / NRK

Statssekretær i Kulturdepartementet Halvard Ingebrigtsen rår Jølster kommune til å gjere besøkssenteret ved Astruptunet billegare.

Dyrt prosjekt

- Det er heilt naturleg at ein ser på økonomien i prosjektet. Det har samanheng med kor mykje statsmidlar det er mogleg å få ut, for dette er eit prosjekt som kostar mykje, seier han.

Det planlagde besøkssenteret på Astruptunet har ei kostandsramme på 67 millionar kroner. Nyleg avslo Kulturdepartementet ein søknad på 18 millionar kroner frå Jølster kommune.

Til grunn for avslaget ligg ei vurdering som Statens senter for arkiv, bibliotek og museum har gjort. Fagfolka stiller spørsmål ved om det er behov for eit så stort bygg i tilknytning til Astruptunet.

Vil ha ned prisen

Med nybygget forventar Jølster kommune at talet på besøkjande kan aukast til 20-30 000 personar kvart år. Fagfolka som har vurdert planane meiner behovet for betre logistikk og publikumshandtering, kan løysast innanfor ei heilt anna økonomisk ramme.

- Vi har heile tida jobba med å ta ned areal og kostnad på prosjektet, seier Atle Hamar som er leiar i arbeidsgruppa for besøkssenteret ved Astruptunet.

Han er ikkje overraska over at prisen på besøkssenteret må ned.

- Når vi skal detaljeplanlegge dette kan vi få ned omfanget på prosjektet for å få ned prisen. Dette vert ein del av prosessen vidare, seier Hamar.

Statsbudsjettet neste mål

Statsbudsjettet for 2010 vert neste sjanse for besøkssentret ved Astruptunet. Og Ingebrigtsen rår Jølster kommunen til å jobbe vidare med planane for Astruptunet.