Hopp til innhold

- Prinsessa sa vi var kjekke karar

På fire dagar har Per Christian Brunsvik frå Måløy lagt bak seg 140 kilometer på handsykkel. Dermed er det ”berre 2360” kilometer att av turen Norge på langs.

Per Christian Brunsvik (lengst til venstre) fekk møte Prinsesse Märtha Louise

KONGELEG: Per Christian Brunsvik (lengst til venstre) og turkamerat Steinar A. Jensen fekk tysdag møte Prinsesse Märtha Louise.

Foto: Per-Einar Johannesen

Saman med Steinar A. Jensen har Måløyværingen lagt ut på ein heller uvanleg tur frå Lindesnes til Nordkapp.

Brunsvik er lam i begge beina, og skal ta seg fram til målet med handsykkel.

- Det har gått kjempefint! Vi har hatt strålande vêr og flotte føreforhold, seier Brunsvik på telefon frå Grimstad.

Vil rekruttere fleire

Etter fire dagar på tur ventar det no ein kviledag torsdag. Det kjem godt med for både armar og hovud.

- Vi har hatt fine og rolege dagar, og har valt å ta det litt forsiktig i starten. Det er viktig at vi herdar kroppen på ein fornuftig måte, forklarar Brunsvik.

Turen er ein del av ein landsomfattande aksjon som Idrettsforbundet har for å få fleire funksjonshemma i aktivitet.

På veg mot Nordkapp skal Brunsvik og Jensen vere med på fleire arrangement, der målet er å rekruttere 500 nye funksjonshemma utøvarar til idretten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Christian Brunsvik og Steinar A. Jensen

KLARE: Per Christian Brunsvik og Steinar A. Jensen er fredag klare for å legge ut på landevegen att.

Foto: Per-Einar Johannesen

- Prinsessa fekk møte oss

Tysdag gjekk turen frå Kristiansand til Lillesand. Før dei to la ut på vegen fekk dei møte prinsesse Märtha Louise.

- Nei, det er feil. Det var ho som fekk møte oss, seier Brunsvik blidt.

Han skildrar Prinsessa som ein dyktig talsperson for handikapidretten og syntes det var stas at ho deltok på arrangementet i Kristiansand.

- Det er med på å setje endå meir fokus på det vi ønskjer å få til med denne turen, nemleg å rekruttere fleire til handikapidretten, seier Brunsvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Christian Brunsvik

TØFF: Per Christian Brunsvik har trena mykje for å vere rusta for turen frå Lindesnes til Nordkapp.

Foto: Tore Aasen Øderud /Norges Idrettsforbund

- Ho sa vi var nokre kjekke karar

I talen sin peika Prinsesse Märtha Louise på at både idrettslag og dei med funksjonshemming kan vere usikre på korleis dei skal inkludere kvarandre.

«Prosjektet ”Rekruttering Norge på langs” vil bli eit viktig bidrag til bevisstgjering og synleggjering av høvet til inkludering av funksjonshemma i idretten lokalt over heile landet», sa Prinsessa mellom anna i sin tale skriv Slottet på sine heimesider.

- I tillegg sa ho at vi var nokre kjekke karar som gjer dette, seier Brunsvik til NRK.no.

Klare for nye kilometer

Etter kviledagen torsdag er det fredag igjen klart for nye mil langs landevegen. Med over 2000 kilometer att er Brunsvik framleis ved godt mot.

- Til no har det vore heilt fantastisk, så vi er ikkje blitt lei endå.