Hopp til innhold

Norge på langs med handsykkel

Funksjonshemma Steinar Jensen (18) frå Skogn i Nord-Trøndelag og Per Christian Brunsvik (40) frå Måløy i Sogn og Fjordane skal sykle frå Lindesnes til Nordkapp med handsykkel.

Per Christian Brunsvik og Steinar Andreassen Jensen

UT PÅ TUR: Per Christian Brunsvik og Steinar Jensen skal sykle 2500 kilometer på handsykkel dei neste to månadene.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

– Det kjennest bra ut. Økta og dagen har vore fin, så vi kunne nok ha halde fram, seier Brunsvik i det dei rullar inn til Kristiansand etter den andre etappen frå Mandal.

Søndag la dei to ut på den drøyt 2500 kilometer lange turen. Dei to reknar med å bruke kring to månader på kraftprøva.

Budd på tøffe dagar

Tove Paule

VIL HA FLEIRE: Idrettspresident Tove Paule vil ha fleire funksjonshemma inn i idretten. (Arkivfoto)

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

– Det blir eit skikkeleg maraton. Eg er budd på tunge dagar. Det vert tøft, seier Jensen.

– Fysisk vil vi nok bli ganske køyrt etterkvart. Då er det «toppetasjen» som må halde i gang kroppen. Vi må halde oppe motivasjonen og prøve å piffe opp kvarandre, seier Per Christian Brunsvik.

Turen er i regi av Norges idrettsforbund der målet er å få fleire funksjonshemma i aktivitet.

– Vi ynskjer at alle, også funksjonshemma, skal få moglegheit til å drive med idrett. Vi håpar arrangementet vil rekruttere fleire inn i idretten, seier idrettspresident Tove Paule.

Skada i skiulykke

Per Christian Brunsvik fekk ein ryggmargsskade etter ei skiulykke for 21 år sidan. 40-åringen vart lam i begge beina. Vestlendingen har delteke i Paralympics og deltok i NRK-serien «Ingen Grenser» i 2010.

Steinar Jensen har cerebral parese. No skal dei to hjelpe idrettsforbundet med å nå målet om å få 500 nye medlemmer i løpet av 2011.

– I løpet av dei to månadene mot Nordkapp, skal det arrangerast rundt 30 rekrutteringsarrangement, seminar, kurs og ulike markeringar. Vi håpar det vert gode rekrutteringsarenaer, seier Paule.

På vegen mot Nordkapp skal dei to sykle med handsykkel.

– Vi brukar racersyklar. Vi har beina framover på nokre haldarar. Vi brukar hendene til å gjere den same jobben som det gåande gjer når dei syklar, Brunsvik.

Steinar Andreassen Jensen og Per Christian Brunsvik

I GANG: Steinar Jensen og Per Christian Brunsvik la ut på den tredje etappen frå Kristiansand til Lillesand tysdag.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

– Populær blant damene

– Du kjenner det godt i oppoverbakkane. Vi må trø jamt og roleg heile vegen, seier Jensen.

– Kor sterk er du i armane?

– Det er litt vanskeleg å svare på, ler 18-åringen frå Trøndelag.

Dei to fortel at dei får mykje merksemd langs vegen.

– Det er mange som ser, peikar og seier hei, seier Jensen.

– Steinar har jo hatt ein vanvittig respons frå damene langs vegen. Så det ser bra ut, skyt turkameraten inn.

Går alt etter planen er dei på Nordkapp 30. juni.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %