- Det er dessverre slik i dag at forsking er til sals, seier Frank Asche.
Han seier det er eigne stiftingar i USA som aktivt motarbeider norsk oppdrettslaks.
Motstandarar mot oppdrett
Ifølgje professoren frå universitetet i Stavanger er ein ny amerikansk rapport som åtvarar gravide mot å ete norsk laks finansiert av ei slik stifting.
- Dei fleste av desse studiane som er negative til oppdrettslaks er finansierte av Pew Foundation, som har som føremål å avgrense oppdrett av fisk i stor skala, seier Asche.
Pew-stiftinga er ei stor, privat stifting som er skipa av eigarane bak the Sun Oil Company i USA. Dei investerar årleg over ein milliard norske kroner i forsking.
- Vikarierande motiv
I 2005 vart det eksport norsk laks for heile 13,5 milliardar kroner. Men med jamne mellomrom blir norsk oppdrettsfisk mistenkeleggjort som direkte farleg for folk å ete. Akkurat no er all norsk fersk fisk stengd ute frå den viktige russiske marknaden.
- Russland er openberrt ikkje ei sak som har med mattryggleik å gjere. Det er jo EU-forskarar som har prova at viss laksen hadde innehalde så mykje kadmium som russarane påstår, ville laksen ikkje vore i live då den kom ut av merdene, seie Asche.