Næringa brukar 1,5 millionar tonn villfisk for å produsere 500.000 tonn oppdrettsfisk. Fondet meiner det urovekkjande at regjeringa no legg tilrette for ei endå større satsing på oppdrettsnæringa når behovet for fôr er stå stort.
Regionsjef i Vestnorsk Havbrukslag, Hans Inge Algerøy, avviser kritikken frå Verdas villmarksfond. Han seier fisken som vert brukt til fôr er industrifisk som ikkje kan nyttast til matfisk. Han legg til at villfisk må spise 10 kg småfisk for å produsere eitt kg kjøt.