Fylkesleiar Nils Myklebust seier fiskeria stadig tapar mot oljenæringa.
- No går det i strupen på oss, og det kan vi ikkje godta. For mange fiskarar er det eit vere eller ikkje vere at desse områda får fred, seier han.
Allsidig fiskeri heile året
Det er i den nyss utlyste 19. konsesjonsrunden dei omstridde områda nær mørekysten er med. Men fiskarane meiner dette er dei viktigaste gyte- og oppvekstområda for fiskeria på Nord-Vestlandet med fiske heile året. Myklebust seier det er eit allsidig fiskeri som føregår i det området.
Nils Myklebust
Rapport full av feil
Fylkesleiaren meiner og at Olje- og energidepartementet har brukt feil fakta i si konsekvensutgreiing framfor utlysinga av blokkene. Han seier ein rapport som departementet laga om kor stort areal ein fiskebåt har bruk for, er full av direkte feil.
Styret i Sogn og Fjordane fiskarlag krev no at fiskarlaget sentralt tek affære og krev området freda. Myklebust kan ikkje akseptere at fiskefelta forsvinn.