Jordbæra blir modne ti dagar seinare enn normalt. Arkivfoto NRK
Det seier gardbrukar Jakob Austrheim frå Gloppen. Han meiner at landbruket no ikkje tåler meir kjøleg ver. Mai var ein uvanleg kalde månad her i fylket, det same har juni vore til denne tid.
Kortare salssesong
Og dette langvarige kjølege verlaget uroar både gardbrukarane og rådgjeverane deira. I Gloppen ligg utviklinga omlag 10 dagar etter eit normalår. For dei som driv med jordbær og bringebær betyr det kortare salssesong.
Slåtten ei veke forseinka
Grasveksten har også gått seint, og slåtten kjem truleg i gang minst ei veke seinare enn vanleg her i fylket.