Hopp til innhold

- Møre og Romsdal burde vore med

Transportørar reagerer på at ferjene til Fjord1 i Møre og Romsdal ikkje blir omfatta av det nye felles rabattkortet for Vestlandet som vart lansert i går.

Bilferja "Selje"
Foto: NRK

Tore Naustdal, som er dagleg leiar i Naustdal Auto i Eid, meiner at når dei kan samarbeide med konkurrerande selskap burde dei og kunne få det til i eige selskap.

- Det var overraskande, det må eg berre seie. Det er jo positivt at dei får det til i fleire fylke, men Møre og Romsdal burde ha vore med.

Framleis to verdikort

I Naustdal Auto køyrer dei like ofte nord om fylkesgrensa som dei køyrer sørover, og sjåførane må altså belage seg på å framleis ha to verdikort i bilane for å kunne køyre med ferjene til Fjord1. Det trudde dei det skulle bli slutt på då det felles rabattkortet for Vestlandet blei lansert med med brask og bram av samferdsleministeren i går, men den gong ei.  I første omgang, frå 1. januar 2007, er berre Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane omfatta av det felles kortet. Møre og Romsdal og resten av landet kjem ikkje etter før 1. januar 2008.

- Har ikkje utstyr som kommuniserer

Konsernsjef Olav Smørdal i Fjord1 forstår kritikken.

- I det heile forstår eg godt at våre kundar over lang tid har etterspurt ei felles løysing på dette internt i Fjord1-systemet og også  i andre selskap. Årsaka er så triviell som at Fjord1 i Møre og Romsdal ikkje har utstyr som kommuniserer i kortbruken med utstyret som blir brukt i Sogn og Fjordane og i dei to andre selskapa lenger sør. Men dette er i ferd med å bli endra no, for Fjord1 MRF får nytt utstyr i løpet av dei næraste månadene.