NRK Meny
Normal

- Minte om Pearl Harbour

Olav Solheim sat på ferja i Sløvåg då han høyrte ein voldsom smell.

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Ole Martin Horgen

- Det var ein kollosal røykutvikling og brann, og det minna meg om bilete eg har sett frå angrepet på Pearl Harbour, seier Solheim.

Såg folk springe

Solheim sat i bilen på veg til Bergen då eksplosjonen skjedde. Han opplevde det på nært hald.

- Først trudde eg det var ei fjellsprenging i Sløvåg, men så såg eg folk springe ut av bilane for å sjå. Og då eg kom ut var det ei voldsom røykutvikling og brann, fortel Olav Solheim.

Oppskaka

Han såg såg røyutvikling og varme frå den store djupvasskaia i Gulen.

- Det låg ein tankbåt like ved, fortel Solheim tydeleg oppskaka av hendinga.

- Frykta er at folk var kome til skade, seier Solheim.

 

 

Kart Sløvåg