- Det vedtaket Helse Vest gjorde onsdag, grensar til galskap, og må ganske enkelt stoppast, seier Bremer.
Til høgste hald
Kravet frå opposisjonspartiet sin leiar i Sogn og Fjordane kjem etter at styret i Helse Vest onsdag gjorde eit endeleg vedtak om å leggje ned Florø sjukehus i noverande formog å gjere fødeavdelinga i Lærdal om til fødestove. Dette hadde Helse Førde alt gått inn for, men først no er det på tide å ta saka til høgste hald.
- No er vi komne til det endelege punktet, der det formelle vedtaket er fatta i Helse Vest. No er det helseministeren si soleklåre plikt å gripe inn og stoppe dette, ellers må Stortinget instruere han til å gjere det, seier Bremer.
- Må sleppe sabelrasling
Frå kampen for fødavdelinga ved Lærdal sjukehus.
Det viser seg altså at den massive motstanden som har vore mobilisert, med både underskriftskampanjar og fakkeltog fleire stader i fylket, ikkje har ført fram i det heile. No meiner Tor Bremer og Sogn og Fjordane Ap at sentrale styresmakter må gripe inn for å sikre eit stabilt helsetilbod for framtida, i noverande form, og at distrikta deretter må sleppe meir sabelrasling.
- Vi bør òg forlange at helseministeren har ei forvaltning av sjukehusa våre som gjer at folk ikkje må gå mann av huse kvart år for å redde det dei har av helsetilbod.
Møte neste veke
Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil no ta saka vidare til partiet si Stortingsgruppe. Informasjonssjef i Helsedepartementet, Ingrid Vigerust, seier til NRK at Helseministeren vil vurdere Helse Vest sine styrevedtak i eit føretaksmøte mot slutten av neste veke.