35 år gamle Cecilie Thaule Løvlid frå Hornindal måtte i går vike for Harry Mowatt frå Hyllestad, som sto på 4. plass. Dermed går dei tre viktige plassane Arbeidarpartiet no får i fylkesutvalet til Tor Bremer frå Hafslo, Åshild Kjelsnes frå Flora og Harry Mowatt frå Hyllestad.
Føler seg forbigått
Nordfjord blir ståande utanfor, sjølv om dei altså har den tradisjonelle 3. plassen - og det med ei ung kvinne på 35 år. Og det er ein mogelegheit Arbeidarpartiet kastar frå seg. Dei kunne plassert to kvinner og ein mann i det viktige forumet, men valde altså heller to menn og ei kvinne. Thaule Løvlid føler seg forbigått og meiner Nordfjord skulle hatt plassen. I staden hamnar ho no i hovudutval for kultur som nestleiar.