Hopp til innhold

- Manglar fleire bitar

Etterforskinga av Vest Tank i Sløvåg går mot slutten.

Tankeksplosjon i Sløvåg.
Foto: Steinar Lote / NRK

Lensmann i Gulen, Henry Indrebø, seier dei håpar å vere ferdige i slutten av oktober.

Men endå manglar fleire puslebitar, før dei kan konkludere med kva som var årsaka til eksplosjonsulukka i mai.

Indrebø seier dei ventar på ein rapport frå eit eksternt firma, som er spesialistar på eksplosjonsulukker. Firmaet er innleigd av DSB og politiet. Vidare har politiet òg fleire avhøyr att.