Hydro kjem ikkje til å modernisere aluminiumverka i Høyanger og Årdal. Men Reiten gjorde det klart då han møtte dei tilsette ved Hydro Aluminium i Høyanger, at selskapet vil ta ansvar på dei to industristadene. Det er ikkje snakk om å legge ned, sa han, og la til at Hydro også vil medverke til omstilling for å sikre arbeidsplassar. Men meir konkret enn det kunne han ikkje vere.
Billy Fredagsvik, hovudtillitsvald ved aluminiumfabrikken i Høyanger, meiner det er positivt at Hydro-leiinga seier dei vil hjelpe til med omstilling, og då forventar han både kompetanse og pengar.
Stille protest
Nærare 2000 menneske hadde møtt fram i gatene då Reiten vitja industribygda Høyanger. I ein stille demonstrasjon viste dei sinne og sorg for at Hydro ikkje vil modernisere verket i bygda.
Generaldirektør Eivind Reiten var i Høyanger for å informere om bakgrunnen for at Hydro ikkje vil modernisere verket i bygda. Om lag 700 arbeidsplassar i ein kommune med 5000 innbyggarar vil truleg forsvinne om det ikkje skjer.
Bilete frå demonstrasjonen i Høyanger
Og Eivind Reiten blei møtt av heile bygda, som hadde stilt opp på rekke og rad med bilete av tilsette på verket, plakatar og slagord, for å vise si misnøye med avgjerda. 1.klassingen Liv Martha Hansen leverte ei teikning til sjefen sjølv.
Alle foto: Anders Jørgensen