Hopp til innhold

- Langvarig importstans

Stansen i import av fisk til Russland kan bli svært langvarig. Det seier fleire i laksenæringa.

Måløy er ein av stadene der importstansen får store fylgjer
Foto: NRK

Viseadministrerande direktør Martin Øvrebø i Coast Seafood i Måløy seier erfaringane frå laksenæringa er at dette vil ta tid.

- Vi har sett at inspeksjonane på laks har vore svært grundige og veldig nøyaktige, dei tek veldig lang tid, og det tek og lang tid å få konklusjonane etter inspeksjonane.

- Lite håp om snarleg løysing

Øvrebø gir produsentar av frosen fisk lite håp om ei snarleg løysing på konflikten med Russland. Russiske styresmakter har varsla importstopp frå 1. oktober og krev sjølve å få inspisere og godkjenne anlegga. Næringa står i fare for å tape to milliardar kroner berre i år på importstoppen. Særleg kritisk er det for sildenæringa, der sesongen no står for døra. Men erfaringane frå laksenæringa er nedslåande. For dei har kjempa i ni månedar mot importforbodet mot fersk fisk, utan resultat.

Nøye og tidkrevande inspeksjon

I laksenæringa har inspektørar vore rundt på anlegga. Ein av dei som har hatt russiske inspektørar på besøk er dagleg leiar på Firda Management, Ola Braanaas. Han seier inspeksjonen er svært nøye og tidkrevande.

- Dei kontrollerte alt frå ventilar på toalettet til produksjonsmaskiner, dei har saumfart heile anlegget frå topp til tå, og slik eg ser det har dei gjort ein svært grundig jobb.

Inspeksjonen skjedde for ein månad sidan, men enno har dei ikkje høyrt noko om resultatet.

- Erfaringa frå forrige runde er at det fort kan gå to-tre månader før vi får eit endeleg svar, i verste fall.