Hopp til innhold

- Kutt ut nærsjukehuset

- Helse Førde må trekkje seg ut av nærsjukehuset i Florø for å spare pengar, meiner leiar i Årdal Ap, Hilmar Høl.

Florø nærsjukehus
Foto: NRK

Tidlegare i dag blei det kjent at Bremanger bryt ut av den økonomiske avtalen for nærsjukehuset. Ordførar Kåre Olav Svarstad seier Bremanger ikkje har råd til å punge ut 1,5 millionar kroner til nærsjukehuset.

-Staten må ta over

Helse Førde må spare inn 20 millionar kroner i år. Nærsjukehuset åleine kostar helseføretaket 18 millionar.

- Difor må staten ta over drifta. Nærsjukehuset er eit nasjonalt pilotprosjekt, seier Høl.

- Det vi har stilt spørsmål ved er om ikkje staten burde gå inn og fullfinansiere sjukehuset sidan dette er eit nasjonalt prosjekt, slik at dette ikkje går utover budsjettet til Helse Førde. Dei bør ikkje bruke pengar på eit prosjekt som er bestilt av staten, meiner Ap-leiaren. 

Kroken på døra?

Clara Øberg er styreleiar i Helse Førde og bur seg til eit dramatisk styremøte i helseføretaket 29. juni. Der må styret vedta kutt på 20 millionar kroner. Øberg seier ho er overraska over at Bremanger no trekkjer seg ut av avtalen for nærsjukehuset. På spørsmål om dette er dødsstøyten for nærsjukehuset, svarar Øberg slik:

- Det er vanskeleg og seie, men eg registrerar at ein av tre partar no meir eller mindre trekker seg ut.

- Staten må betale

Heller ikkje partifellen til Øberg, Hilmar Høl, vil kommentera direkte om dette må bety kroken på døra for pilotprosjektet i kystbyen.

- Det er jo klart at det er viktig for oss at Helse Førde har fått ein sparekniv på 20 millionar over seg som no skal fordelast utover dei tre sjukehusa, og når vi då veit at dei går inn med 18 millionar for å serve nærsjukehuset i Florø, så er vi jo redde for det tilbodet vi har per i dag. Difor ser vi det som naturleg at staten går inn. Men om dette er dødsstøtet for Florø, det er ikkje vår oppgåve å vurdere.