Hopp til innhold

- Kunne ikkje gått verre for oss

Ulrik Flo var tydeleg skuffa etter kampen mot Stabæk søndag.

Flo

SKUFFA: Ulrik Flo er skuffa over tapet mot Stabæk søndag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Vi kom bakpå frå starten av i dag og det vart ein tung kamp for oss, seier Ulrik Flo like etter kampen mellom Sogndal og Stabæk på Nadderud stadion søndag kveld.

Maks motiverte

Sogndal var heiltente før kamp, og Flo fortel at han hadde trua på at dei skulle klare å sikre poenga.

– Alle var motiverte for oppgåva og innsatsen var der. Men det er ikkje alltid ein får ut potensial, seier han.

Til pause låg sogndølene under 2–0 og det var tydeleg at praten i garderoben betydde noko.

Måtte gje gass i 2. omgang

– Vi var alle samde om at vi berre skulle gå ut på bana og køyre. Vi skulle gå på frå starten av og gje gass, seier Flo.

Gass vart det i form av han sjølv, som scora det einaste målet for Sogndal på Nadderud.

Tunge mål å svelgje

– Det skulle vore mogleg å slå eit lag som Stabæk?

– Eg følte verkeleg at alle var motiverte og vi jobbar heile kampen. Men vi fann ikkje rytmen og det vart ein kamp der vi leita etter den. Dei to måla i førsteomgang var tunge å svelgje, seier han.

No ventar heimekamp på Fosshaugane neste helg.

– Det kunne ikkje gått verre for oss i dag enn det gjorde. Men vi må ta alt på oss sjølve, seier Ulrik Flo.