Hopp til innhold

Sogndal tapte mot Stabæk

Det vart 1-2 mellom Sogndal og Stabæk søndag kveld på Nadderud stadion. Dermed er Sogndal nede på kvalifiseringsplassen, ein runde før slutt.

Henrik Furebotn

TAPTE: Sogndal tapte mot Stabæk på Nadderud søndag kveld.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Vi ser veldig støle og nervøse ut i førsteomgang og det vart ein jamn omgang, men vi er betre i andreomgangen, seier sogndaltrenar Jonas Olsson etter kampen på Nadderud søndag kveld.

To mål mot seg på 23 minutt

Ulrik Flo

FLO KLARTE DET: Ulrik Flo kom ut frå pausen og knalla ballen i Stabækmålet og gav Sogndal håpet att i kampen. Arkivfoto.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Sogndal kom til Nadderud med berre to poeng til kvalikplassen som Sandnes Ulf hadde, medan Stabæk ikkje hadde mykje anna spele for enn æra si. For dei har allereie rykka ned.

Og kampen starta med Stabæk som førande lag. Og dei fekk også utteljing for det etter 18 minutt på bana.

Då scora Frank Boli på Stabæk frå ti meter, og gjorde det vanskeleg for Sogndal.

Men verre skulle det bli.

Under ved pause
Stabæks Franck Boli setter inn 0-1 til bortlaget.

FRÅ TI METER: Franck Boli knuste ballen i mål frå ti meter etter 18 minutt av kampen.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / SCANPIX

For like etter, i det 23 minuttet av kampen får Sogndal 2-0 mot seg. Det er Ville Jalasto som får inn eit mål etter ein dødball.

- Vi gjekk for tre poeng heilt frå starten av kampen, men vi hamna feil frå start. Det er ein stor omstilling for spelarane å spele på naturgras. Det er litt tyngre å spele på, seier Sogndaltrenar Olsson.

Spelarane frå saftbygda tok seg saman, men klarte ikkje å score før pause. Stéphane Diarra Badji fekk i tillegg gult kort før dommaren gav signal for pause.

- Tæl og vilje er det ein skal starte ein tippeligakamp med og det gjorde vi i dag. Eg er glad på vegner av alle som held med Stabøk, seier Petter Belsvik for Stabæk etter kampen.

Fekk trampeklapp

Heimelaget fekk trampeklapp og stor jubel ved kampslutt.

- Det er altfor lenge sidan og det var herleg, seier Veigar Pall Gunnarsson på Stabæk som kosa seg på fotballbana.

- Eg veit ikkje kvifor det vart slik akkurat i dag. Kanskje fordi vi ikkje hadde noko press på oss. Vi var vertfall bestemte på at vi ikkje skulle gje oss, seier Gunnarson.

Men etter pausen var det eit meir offensivt sogndallag som spelte ball.

Ulrik Flo knuste inn ballen rett forbi keeper Mande Sayouba på Stabæk.

Deretter vart det meir fart i kampen, og dei gule korta kom nesten like fort som minutta forsvann. Eirik Bakke for Sogndal fekk mellom anna gult kort heilt på tampen av kampen etter ein krangel med dommaren.

Men uansett kor mykje sveitte, energi og fart spelarane hadde, det vart 2-1 på Nadderud til heimelaget.

Som om ikkje det var nok...

Sandnes Ulf vann 2-1 heime mot Strømsgodset, og klatra dermed forbi Sogndal på tabellen. Dei har no 32 poeng, mot Sogndal sine 31. Også Fredrikstad gjorde sakene sine godt, då dei slo Rosenborg 1-0 på Lerkendal.

Dermed er Sogndal nede på kvalifiseringsplassen med ein kamp att å spele. No er dei avhengige av at anten Sandnes Ulf eller Hønefoss (begge 32 poeng) taper poeng i sine kampar, og Sogndal må vinne for å sleppe unna kvalifisering.

Olsson er ikkje redd for neste kamp som er heime på Fosshaugane.

- Vi har vore veldig bra heime og har gode sjansar til å vinne der. Eg har stor tru på at vi skal klare å vinne neste match, seier Olsson.