- Viss Sogn og Fjordane skal vere trivselsfylke må vi skaffe trivsel for alle grupper. Viss det er ei gruppe som mistrivst så sterkt her i fylket, som blir så diskriminert som Homofil Bevegesle seier, så er det eit problem fylkeskommunen er heilt nødt til å ta tak i, seier fylkesleiar i AUF, Tord Dale.
Tre forslag
Tord Dale og AUF kjem med tre konkrete forslag til tiltak dei vil ha fylkeskommunen med på. Å yte pengestønad til organisasjonane Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring og Homofil Bevegelse sine avdelingar i fylket, styrke rådgjevingstenesta i den vidaregåande skulen, samt å tilrettelegge møteplassar for homofile. Då vil fleire velje å busette seg i Sogn og Fjordane, trur AUF-leiaren.
- Eg trur at ein av grunnane til at homofile vel å trekke til byane er at dei rett og slett manglar møteplassar her, meiner Dale.
Mangla politisk vilje
Han trur heller ikkje det er dei store pengebeløpa som skal til for det skal kunne bli lettare å vere homofil i Sogn og Fjordane.
- Det er ikkje snakk om store summar. Først og fremst må organisasjonane få pengemidlar slik at dei kan kome i gang. Eg tykkjer det har mangla politisk vilje til å ta tak i dette problemet, seier Dale.