Hopp til innhold

- Kommunen tek frå oss utsikta

Folk i Eidsgata kjenner seg lurte av Eid kommune. No får ein privatperson byggje eit bustadbygg som tek utsikta frå dei.

Først vart dei tvinga til å selje eit område til Eid kommune til parkeringsplass, og no mister dei altså utsikta.

- Dette finn vi oss ikkje i, seier Harald Berteig.

- Måtte selje

I 1989 måtte to grunneigarar selje eit område på 620 kvadratmeter med naustomt til Eid kommune, den eine av grunneigarane var mor til Harald Berteig. Kommunen trengde området til gangveg og parkering. Men no sel kommunen litt av arealet vidare til ein eigedomsinvestor som vil setje opp eit ti meter høgt bustadbygg.

For Harald Berteig inneber det at halve fjordutsikta hans forsvinn. For naboen er det langt verre, sidan bygningen blir plassert ein halv meter frå gjerdet

- Rein katastrofe

- Det er heilt feil av kommunen å oreigne til parkering og trafikkføremål for deretter å selje til ein bustadinvestor. No vil dei tene gode pengar på å ta vekk utsikta frå omkringliggande hus. Det blir ein høg brannmur som vender mot gata. For den eine eigedomen så er jo det ein rein katastrofe, sidan all utsikt og lys vert borte frå hagen deira. Frå gata vil det dessutan bli eit veldig skjemmande bygg, seier Berteig.

- Ikkje meininga å lure nokon

Teknisk sjef Elin Leikanger i Eid kommune meiner Berteig ikkje har grunn til å kjenne seg lurt

- Det er i alle fall ikkje meininga frå kommunen si side å lure nokon. Det vart gjort eit reguleringsvedtak for sju år sidan, der området vart omregulert frå trafikkareal til byggjeområde, og det skjedde gjennom ein open prosess.

- Kommunen må snu

Berteig meiner på si side at kommunen må forhandle om tilbakekjøp av areal, og dekke kostnader som partane har hatt i saka. Dette har ikkje Leikanger noko tru på.

- Det trur eg det er liten sjanse for, når kommunestyret har gjort eit vedtak, så må iallfall det vedtaket klagast på.