NRK Meny
Normal

- Innvandring viktig for folketalet

– Utan arbeidsinnvandringa ville vi ikkje hatt folketalsauke i Sogn og Fjordane, seier avdelingsdirektør Tore Thorsnes i NAV.

Tore Thorsnes

INNVANDRING AVGJERANDE: Direktør Tore Thorsnes i NAV.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at Sogn og Fjordane så langt i år har fått 223 nye innbyggjarar.

Medan innbyggjartalet i Sogn går ned, går det opp i Nordfjord og Sunnfjord.

– Nedgang utan innvandring

Thorsnes trur ikkje utviklinga ville vore positiv utan arbeidsinnvandringa.

– No varierer dette frå år til år, men totalt sett trur eg vi ville ha hatt nedgang i folketalet om vi ikkje hadde hatt arbeidsinnvandring i fylket.

– Vi har sett over tid at denne innvandringa har mykje å seie for ein del av kommunane våre. Det er ulikt frå kommune til kommune, men samla sett for fylket er dette viktig for folketalsutviklinga.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå