Det uttalar årsmøtet i Årdal kjemiske ifølgje nettstaden Porten.no.
- Hydro vil ikkje investere i aluminiumsanlegga i Noreg fordi kostnadane er for store. Høge lønningar til arbeidarane og dårlege rammevillkår er grunnar Hydro brukar for ikkje å modernisere i Årdal og Høyanger, medan dei brukar ti milliardar kroner i fyrste byggjetrinn i Quatar, heiter det i resolusjonen frå årsmøtet.
Mistillit
Årsmøtet vedtok samrøystes å ytre mistillit mot styret og leiinga i Norsk Hydro.
Grunnen er selskapet sine verksemder i utlandet, som fagforeininga meiner er moralsk forkastelege.