Hans Erik Jacobsen - finansanalytiker hjå Elcon Securities AS. Foto Tor Richardsen Scanpix.
Hydro vil enno ikkje seie om dette er aktuelt.
- Dersom dei høge aluminiumsprisane held seg, vil eit slikt alternativ vere svært gunstig for dei, meiner Jacobsen.
Mange arbeidsplassar
Svært mange arbeidsplassar i Årdal står i fare ved utgangen av 2006 dersom ikkje Hydro prøver å få forlenge drifta ved Søderberghallen.
Hans Erik Jacobsen har følgd den internasjonale aluminumsindustrien nøye dei siste åra. Og han veit mykje om korleis Hydro tenkjer om framtida både i Norge og i utlandet.
Det er fleire ting som kan tyde på at selskapet er interessert i å drive sødeberghallen i Årdal vidare etter at løyvet går ut i 2006. Det eine er at kraftprisen i Europa er svært høg - samanlikna med konsesjonskrafta i Årdal - og dette råkar spesielt dei tre verka som Hydro eig i Tyskland. Det andre poenget er at søderbergomnane for lengst er nedbetalte.
Dette i kombinasjon med høge aluminiumsprisar betyr svært god butikk, seier Jacobsen:
- Hydro er ute etter å tene mest mulig pengar, og klarer dei å tene pengar i Årdal vil dei sjølvsagt ikkje leggje ned.
Unnvikande
Hydro vedgjekk i går at søderbergomnane er lønsame. Men informasjonsdirektør Tor Steinum var unnvikande då han fekk spørsmål om dei ville søke Statens forureiningstilsyn om dispensasjon for forlenga drift:
- Eg trur ikkje det er ei problemstilling som er fornuftig å ta stilling til nett no.
Fare for stor arbeidsløyse
Utan ScanWafer og utan vidare drift ved søderbergomnane, tyder det meste på at svært mange blir arbeidsledige i Årdal ved utgangen av neste år. Men analytikar Hans Erik Jacobsen forstår at Tor Steinum og Hydro på noverande tidspunkt ikkje kan ta stilling til om dei vil søke om dispensasjon. For sjølv om dette er lønsamt i dag, må Hydro tenkje langt framover i tid, seier Jacobsen.
Utflagging frå Europa
Jacobsen trur at Hydro på sikt vil byggje ned aluminiumindustrien både i Norge og i Tyskland. Slik rammevilkåra er i Europa i dag, blir anlegget i Canada og dei nye planane i Qatar hovudsatsinga til Hydro i tida framover, seier First Securities-analytikaren.
Tapt kamp
Odd Semstrøm. Arkiv NRK.
Odd Semstrøm som er leiar for Årdal kjemiske fagforeining, har vanskeleg for å tru at verket inst i Sognefjorden vil bli ulønsamt på sikt. Han har tidlegare sagt at ein heller bør ruste opp anlegga i staden for å trappe ned. Den kampen er tapt, og no er det viktigaste å få Hydro til å drive søderbergomnane vidare etter at konsesjonen går ut i 2006.
- Det er iallfall ikkje ulønsamt, seier Semstrøm.