Hopp til innhold

- Hadde berre mobiltelefon

Politiet seier dei har ingen grunn til å tru at den sakna Charlotte Moene har reist friviljug frå Årdal.

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Konstituert lensmann Helge Øvstetun seier at dei har ikkje noko som peikar på at 17 år gamle Charlotte Moene har reist friviljug frå bygda. Ho hadde berre med seg mobiltelefon då ho forsvann.

- Ho var kledd i allværsjakke, dongeribukse og kvite mokasinar. Ho hadde ikkje med seg noko som tydde på at ho skulle så frykteleg langt, seier Helge Øvstetun.

- Eit mysterium

Det er framleis eit mysterium kvar 17-åringen er forsvunne. Måndag klokka ellever forlot ho heimen i Øvre Årdal for å besøke ein nær slektning berre nokre hundre meter vekke. Ho kom aldri dit og ut på ettermiddagen vart det slege alarm. Tysdag fekk politiet inn ei rekkje tips og observasjonar.

- Måndag kveld vart ei jente observert ved Tyinkrysset 37 kilometer vekke. I går vart ei jente observert gåande på gamlevegen mot Øvre Årdal, fortel Øvstetun og ikkje vil spekulere i korleis Charlotte hamna på fjellet - dersom det var henne som vart observert.

- Må berre stille opp

I går kveld vart det søkt med dykkarar i årdalsvatnet og med mannskap høgt til fjells. Bil etter bil med leitemannskap reiste ut for å halde fram søket. Mange av dei som deltek går i klasse med ho eller spelar handball i lag med ho. I hovudkvarteret stod mange ungdomar som kjenner jenta deriblant 17 år gamle Sverre Heggheim.

- Det er trist. Vi har ingen spor å gå etter. Vi må berre prøve alt, stille opp flest mogleg og håpe på det beste, seier han.

Ynskjer tips

Den sakna reiste frå heime kring kl 11.00 måndag føremiddag, og hadde ein avtale kl 12.00 som ho ikkje møtte opp til. Foreldra melde henne sakna klokka 15.30 same dag.

Tips og observasjonar kan ein gje til Operasjonssentralen Sogn og Fjordane politidistrikt på telefon 57 75 88 00, eller næraste politi.

Lys goretex-jakke

Jenta er 170 cm høg, har skulderlangt mørkeblondt hår med blonde striper. Då ho forsvann hadde ho på seg ei lys goretex-jakke med limefarga felt, dongeribukse som var lys/mørk og kvite sko.