Han meiner Gunvor Sunde frå Ap tek feil når ho meiner det er dei svake elevane som taper i dagens opptakssystem.
Knut M. Olsen Arkivfoto NRK
- Sunde ser ikkje heilskapen
Tidlegare i dag sa Gunvor Sunde, som er fylkestings-representant for Arbeidarparteiet, at ein må endre inntakskriteria for å hindre at dei svakaste elevane må flytte heimefrå og på hybel. Leiar for Hovudutvalet for opplæring og fylkestingsrepresentant for Senterpartiet, Knut M. Olsen, meiner Sunde ikkje ser heilskapen når ho skisserer ei slik løysing.
Hybelburarar meir utsette
Knut M. Olsen er samd i at hybelbuande ungdommar er meir utsette for rusproblem enn andre ungdommar. Men han meiner at løysinga ligg ein heilt annan stad enn i opptakskriteria, slik Sunde i Arbeidarpartiet meiner. Olsen i Senterpartiet meiner at ein må sjå på alle hybelbuarar som ei stor, men samansett gruppe.