Hopp til innhold

- Grande Røys er tydelegvis bitter

- Tidlegare statsråd Heidi Grande Røys prøvar å skade styret i Helse Førde, seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

Clara Øberg

Clara Øberg hevdar at Grande Røys vil skade styret.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Øberg reagerer sterkt på skuldingane frå Grande Røys om at Helse Førde-styret har vore så i utakt med helsepolitikken at regjeringa har måtte gripe inn.

- Grande Røys er tydelegvis bitter og så vil ho skade styret ytterlegare. Dersom ho meiner det har vore så naudsynt å rykkje inn, kvifor har ikkje ho teke initiativ til å kaste styret, spør Øberg.

Kom med hard kritikk

Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys kom med kritikk av Helse Førde-styret.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Grande Røys har kome med knallhard kritikk mot Helse Førde-styret. Ho viste til at styret ved fleire høve har vore i utakt med nasjonale føringar.

Dette er årsaka til at både ho sjølv og andre stortings- og regjeringsmedlemmer fleire gonger har sett seg tvinga til å ta grep for å få styret inn på rett kurs, hevda ho mellom anna.

- Spyttar ut det ho vil

Utspelet frå den tidlegare ministeren har fått Øberg til å sjå raudt.

- No sit Grande Røys utan nokre formelle posisjonar og kan sjølvsagt berre spytte ut det ho vil. Nå ho skal konkretisere utspelet sitt så seier ho at føden i Lærdal er eit godt døme. Det er det dårlegaste dømet eg har høyrt, for der har faktisk ikkje styret gjort noko som helst. Det viser kor lite hald i det ho seier. Men ho har vel behov for å gulpe opp litt slikt.

- Men har ikkje Grande-Røys eit poeng når ho seier at de har vore i utakt. Ho fekk mellom anna stoppa salet av sjukehusbygget i Florø.

- Det var ikkje det at ein ville stoppe det, men at ein skulle vente litt for å sjå alle slike sal under eitt. Eg kan ikkje sjå at det ho prøver å framleggje styret som i dag, er noko vi skal fare etter. Eg tek ikkje ho så tungt lenger.

NRK har prøvd kome i kontakt med Heidi Grande Røys i dag utan å lukkast.