Hopp til innhold

- Godt å vere på vinnarsporet att

Tornad Måløy tronar igjen på toppen av 3. divisjon etter fredagens 4-1 siger borte mot Eid.

Tornado Måløy mot Eid.

Gisle Myhre (TMFK) ser lagkamerat Martin Flåthen i duell med Eid-spelar Christoffer Hafsås.

Foto: Stig Høynes

Sigeren smakte ekstra godt etter to strake tap mot Kaupanger og Stryn.

SJÅ OGSÅ: Høyang-duo serverte kvarandre

- Det var prosjekt tilbake på sporet som starta i dag, strålar trenar Geir Ove Refvik.

Scora tre etter pause

Kampen var 36 minuttar gamal då Jon Martin Gil sende vågsøyværingane i føringa med sitt femte mål for sesongen. Då hadde allereie Sveinung Frantzen brent ei straffe. Måla etter pause vart scora av Erlend Nygård Kvalheim, Gil og Joachim Raknes Forthun.

- Eg tykkjer vi er mellom dei som spelar fotball i divisjonen. Vi var veldig bra dei første 20 minutta av kvar omgang. Då var det berre eitt lag. Vi må jobbe meir med å forlenge desse periodane, meiner Refvik.

Slappa litt av

Med vel ti minuttar att av oppgjeret reduserte Eid ved Christoffer Hafsås.

- På 4-0 slappar vi litt av, seier Refvik som meiner sigeren burde vore større. På trass av at dei i periodar "slappar av", er trenaren med gjennomføringa av kampen.

- Laginnsatsen er så bra i dag, seier han. Medan heimelaget og publikum var misnøgde med dommaren, var TMFK nøgde med den svartkledde.

Tre forsterkingar

TMFK har meir eller mindre kome frå det store intet til tabelltoppen. Der vil dei iallefall vere til laurdag når Årdal og Førde gjort opp om poenga. Før sesongen var Stryn, Førde og Årdal dei største favoritten.

- Det å vere outsider er best i verda. Vi har styrka stallen med Børge Yndestad frå Pollen og islendingane Elmar Dan Sigthorsson og Magnus Magnusson. Elles er dei unge spelarane frå i fjor blitt eitt år eldre, seier han.

- "Tek ikkje av"

Vågsøyværingane tek ikkje av sjølv om dei no tronar øvst i 3. divisjon.

- Folk snakkar, men det skaper forventingar når det går bra. Men plutseleg kan ein få seg ein "på tryne" som vi gjorde mot Kaupanger og Stryn, seier han og legg til det kjende uttrykket; "vi tek ein kamp av gangen".

Tornado Måløy har no 22 poeng. Årdal, Førde og Stryn følgjer på med høvesvis 21, 19 og 18 poeng - men alle har ein kamp mindre spelt.

- Vi har sagt at vi vonar å vere mellom dei tre beste. Men vi ser framleis på Frøde som den store favoritten. Uansett er det duka for toppoppgjer på heimebane når Årdal kjem neste helg, seier Refvik.