- Det er viktig å erstatte den skogen som vert hogd ned, og det er ein lov som gjer at skogeigaren har plikt til å sørgje for at det skjer, seier han.
Lite plantar selt
Sjølv om store delar av fylket veks til med skog, så er det rett og slett på feil plassar. Kulturlandskapet gror til med kratt - medan mange av dei gode flatene ikkje blir planta til på nytt.
Siste året er det hogd 55.000 kubikkmeter tømmer av barskog her i fylket. Visst det skulle dekkast inn att gjennom nyplanting så ville det bety over 500.000 nye plantar. Men så langt i år har planteskulane berre levert ut 190.000 plantar.
Mjuk start
Det er slutt på statstilskotet til planting, og Lauvstad seier skogeigarane kan ha teke det som eit signal om at skogplanting ikkje er viktig. Lauvstad seier at dei hittil ikkje har stressa med å handheve skogbrukslova.
Før har dei brukt positive virkemidlar som tilskot og god rettleiing, slik at dei har sloppe å bruke lova i stor grad. Derfor vil fylkesmannen ta det forholdsvis mjukt i starten. - Vi kan ikkje gå frå rettleiing og tilskot til ein streng knyttneve over natta, seier Lauvstad.