Hopp til innhold

- Flora Høgre treng ro

Jakob Nødseth meiner det er tid for ro i Flora Høgre etter at han på årsmøtet til lokallaget tok eit gråtkvalt oppgjer med partileiinga.

Jacob Nødseth
Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

I eit 20 minutt langt innlegg hevda han partilaget ikkje har takhøgde. Nødseth har blitt skulda for å drive sololøp i politikken utan å tenkje på andre enn seg sjølv.

Turbulent år

No håpar han det opne oppgjeret vil føre til meir ro i Flora Høgre, men seier det var heilt naudsynt

- Det er jo klart at dette har vore eit turbulent år. Og eg skal ikkje leggje skjul på at det har vore ei belastning. Ingenting ville gleda meg meir at eit slikt oppgjer ville vore unødvendig. Men etter mi vurdering var det heilt naudsynt.

-Eg har teke til orde for å arrangere eit internt møte for å snakke ut om ting og legge dei bak oss. Dette har ikkje partileiinga vore samde i, seier Nødseth.

Nødseth som er Høgre sin andrekandidat til Stortinget har fått kritikk frå partifellar i kommunen for å drive sololøp, mellom anna etter at han klaga eit omstridd hemmeleg møte i bystyret i sommar til Fylkesmannen.

Ei lette

Under oppgjeret fredag kveld sa Nødseth at det vil vere ei lette å ikkje lenger vere i styret i Flora Høgre, at han og andre var blitt mobba og at han var blitt skulda for å vere ein brønnpissar. Nødseth står for det han har sagt men håpar at det opne oppgjeret kan føre til meir ro framover.

- Eg meiner det er betre å snakke ut om ting, enn at det ligg og ulmar. I staden for å ulme, fekk vi ein liten brann som no etter mi meining er sløkt.

- Har fått stort arbeidsrom

Berit Seljeseth Osa

Berit Seljeseth Osa

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lokallagsleiar Berit Seljeseth Osa er samd med Nødseth i at lokallaget som er svært splitta no må sjå framover. Ho meiner likevel at kritikken frå Nødseth er feil.

- Eg syns Nødseth har fått både stor takhøgde og stort arbeidsrom. Men det er no ein gang slik at når ein kjem i mindretal i ei sak, må ein akseptere det. Og det må sjølvsagt også gjelde for Jakob Nødseth.

No håpar ho at partiet kan legge striden bak seg.

- Dette er ikkje partiet Høgre tent med i det heile teke.

- Burde han latt vere å gjere det han gjorde på fredag ?

- Det skal ikkje eg seie noko om. Eg undrar meg over forma og måten han gjorde det på. Jakob valde å gjere det slik, og slik vart det.

Også Nødseth seier at alle no bør legge godviljen til framover.

- Viss alle jenkar seg lite grann i Flora, går ting så mykje betre.