Hopp til innhold

Gråtkvalt oppgjer

Jakob Nødseth tok gråtkvalt oppgjer med Flora Høgre.

Jacob Nødseth
Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Det vart svært dramatisk under Flora Høgre sitt årsmøte i går kveld. Etter eit langt år med mykje turbulens og krangel tok Jakob Nødseth avskil med styret i lokallaget i eit gråtkalt oppgjer. Nødseth meiner partitoppane i Flora manglar takhøgd.

- Eg er blitt kalla brønnpissar, representant for ein subkultur og verst av alt: Eg er blitt skulda for å drive politikk for mi eiga vinnings skuld! Sa Nødseth i fylgje Firdaposten.

Ukultur

Det var etter at Høgre-leiar Erna Solberg og fylkesleiar Bjørn Lødemel hadde forlete årsmøtet at Nødseth fann tida moden for å ta eit kraftig oppgjer med det han kallar for ein ukultur hjå leiinga i lokallaget. Det siste året har vore prega av saka om det hemmelege bystyremøtet i Flora, der også partifeller har kome med krass kritikk mot det som har blitt oppfatta som eit sololøp.

Også nominasjonskampen til Stortinget har vore ei betent sak der Nødseth kapra andreplassen på stortingvallista.

Mykje støtte

– Eg har også fått mykje støtte, frå fylkesmann, sivilombodsmann, media og også partimedlemmar. Men det er aldri kjekt å oppleve mobbing, anten det gjeld ein av sine nære eller det er ein sjølv som må gå frå eit møte med ein vond klump i halsen, sa Nødseth i fylgje Firda.

Nødseth sa også at det skal vere ei befriing å sleppe å sitje i styret i Flora Høgre.

- Må lære av Obama

På det kjensleladde årsmøtet var det under årsmeldinga at Nødseth ba om å få kommentere punktet om at det hadde vore turbulent i lokallaget. I fylgje Firdaposten meiner Nødseth at Flora Høgre må lære av Barack Obama

– Eg jobba ut ifrå det same målet Obama hadde. «Change». Eg har peika på prosessar, eg har peika på saker og eg har engasjert meg. Eg har også fått støtte frå mange, men eg har aldri fått støtte hos leiinga. Der er det ikkje akseptert å vere usamd, sa Nødseth.

Har fått albogerom

Lokallagsleiar Berit Seljeseth Osa var offer for mykje av kritikken. Ho kommenterte utsegnene frå Nødseth på denne måten

- Ingen har fått meir takhøgd og handlingsrom i Flora Høyre enn du. Og du skal vite at politikk er eit lagspel.

- Feig

Men at kløfta i lokallaget er stor er det ingen tvil om i fylgje Firdaposten. Ei fløy i partiet støttar Nødseth ei anna gjer det ikkje. Då nytt styre skulle velgast føreslo Nødseth skriftleg votering. Det fekk ein av nestorane i partiet Magne Solheim-Olsen til å tenne. Han snudde seg mot Nødseth og sa

-– Er du så feig at du ikkje vil vere med på ei kampvotering mellom to kandidatar?