- Fartsgrensene må opp

- Fartsgrensene må opp, meiner Per Sandberg, leiar i samferdselskomiteen på Stortinget.

Per Sandberg
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

FrP-politikaren viser til den etter kvart så kjende køyreturen i Lærdal, der samferdsleministeren ikkje merka at sjåføren køyrde i 110 km/t.

- Det er klart at når samferdsleministeren nærast stadfestar at det ikkje er særleg ubehageleg å køyre i 110, så er det nærast ei stadfesting at fartsgrensene ikkje er tilpassa vegstandarden, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tre av fire køyrer for fort

Fartsmålingar på 18 ulike målepunkt i Sogn og Fjordane i fjor viser at mange bryt farstgrensene. I Bogstunnelen og i Skredestranda braut tre av fire farstgrensene. I Lærdalstunnelen og forbi Vassenden køyrde to av tre for fort. Sjå kor folk køyrer for fort.

Sandberg meiner dette viser at fartsgrensene mange stader er for låge. Enkelte stader må grensene setjast ned, men hovudsakleg er det behov for å setje dei opp, meiner Sandberg. Og no brukar han altså rådgjevaren til ministeren si køyring i 110 kilometer i timen i Lærdal sist veke som eit prov på at fartsgrensene må setjast opp.

- Eg kjenner Liv Signe såpass at viss ho har uttala seg, står ho for det. Derfor har eg merka meg den uttalinga der ho ikkje følte seg utrygg eller ubehag når rådgjevaren hadde den farten på ein slik type veg, seier Sandberg.

Stemmesanking ?

Er det ikkje lettvint for dykk i FrP å ville ha høgare fartsgrenser? Er det ikkje rein stemmesanking som går på kostnad av tryggleiken ?

- Nei, det er ikkje berre FrP som vurderer det. Det har vegdirektoratet til vurdering heile tida.

- Men er du betre eigna til å sette fartsgrenser enn Statens vegvesen ?

- Ja, på enkelte område trur eg faktisk det.

Sandberg har sjølv råkøyrt og mista lappen.

Samferdsleministeren har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.