Hopp til innhold

- Fare for rikets tryggleik

Forsvaret held fleire dokument frå ubåtsaka i Sognefjorden i 1972 hemmelege.

Ubåtjakt i Sognefjorden.

Frå ubåtjakta i Sognefjorden i 1972.

Foto: NRK

I november 1972 vart det leita etter ein framand ubåt i 14 dagar, men den vart aldri funnen, iallfall ikkje offisielt. Snart 38 år etter utbåtaksjonen i Sognefjorden vert fleire dokument frå Forsvarets overkommando framleis haldne hemmelege.

Krev alle dokument på bordet

Hemmeleghaldet går ut over truverdet til Forsvaret, seier leiar Finn B. Førsund i Hyllestad Arbeidarparti som har engasjert seg sterkt i ubåtsaka. Han krev alle dokument på bordet.

– Det har med vår tiltru til Forsvaret vårt å gjere at dei må kunne fortelje oss kva som verkeleg skjedde i ubåtsaka når det har gått så mange år. Dei må oppheve graderinga.

Mange spekulasjonar

Det er framleis mange spekulasjonar rundt kva som skjedde i Sognefjorden dei dramatiske novemberdagane i 1972, då ei rekkje personar observerte ein framand ubåt i fjorden.

Ein stor militæraksjonen med skip, fly og helikopter vart sett i verk, men ubåten vart aldri funnen. Kva som eigentleg skjedde, kan det hende vi må vente ei stund til før vi får svar på.

– Kan skade rikets tryggleik

Det viser seg nemleg at Forsvaret framleis nektar å offentleggjere etterretningsmessige, tryggleiksmessige og operative analysar knytta til ubåt-saka.

Pressetalsmann for forsvarsstaben, Christian Øverli, seier den nasjanale tryggleiken kan bli skada dersom dokumenta blir offentleggjorde.

– Det er framleis forhold i saka som kan skade rikets tryggleik.

– Men det handlar om ting som skjedde for snart 38 år sidan. Er det ikkje merkeleg at Forsvaret framleis må halde det hemmeleg?

– Vurderingane av gradering tek ikkje omsyn til årstal, men til innhald.