Vetvik meiner ein no må konsentrere seg om dei artane ein alt har starta forsøk med.
- Det er fantasiutspel utan rot i forsking, utviklingsarbeid og kunnskap, seier Vetvik.
Rolf Petter Vetvik - arkiv NRK
Det som har fått Vetvik til å reagere er utspelet frå Lena Merete Søderholm som er rådgjevar for fiskeri og oppdrett i fylkeskommunen. Ho vil no ha Vestlandsrådet til å satse på eit langsiktig innovasjonsprogram fordi ho meiner det er eit enormt potensiale i oppdrett av nye marine artar, som kamskjel, østers, leppefisk, kråkebollar og flekksteinbit.
Sjå "Stort potensiale innan oppdrett "
Svært langt fram
Men ifølgje Vetvik er det langt fram før nokon kan få butikk ut av desse artane. Han syner til at det gjennom det såkalla pussprogrammet er brukt kring ein milliard offentlege kroner for å kome dit ein er i dag.
- Vi har lang veg å gå før vi kjem i mål med andre artar enn laks og aure, trur Vetvik. Han syner til problema som har vore med mellom anna blåskjeloppdrett.
Sats på torsken
Difor meiner Vetvik at det no er viktig å konsentrere seg om dei artane som ein har gjort grundig forsking på, som til dømes torsk, som han meiner er den produksjonen er mest realistisk å få til.
Torsk er verd å satse på, trur Vetvik. Foto Gunnar Holthe NRK.
- Det viktigaste no er å stille offentleg kapital til dei private som idag har satsa stort på torskenæringa. Det er dei som treng drahjelp, og det er det som hastar.
Viss fylkeskommunen og Vestlandsrådet klarer å bidra til det når det gjeld torsk, så stiller eg meg bak og applauderer det. Men å kome med program som omfattar 20-30 artar, er håplaust, seier Vetvik.