Sogn og Fjordane fylkeskommune forhandlar i desse dagar med Hordaland fylkeskommune om pris på ein ny avtale for neste år for at elevar frå Sogn og Fjordane skal kunne gå på skule i Hordaland. I Gulen og Solund er det lettast for elevar å gå på vidaregåande skule i nabofylket i sør.
Åtvarar mot avtale
I eit brev til fylkeskommunen har tillitsvalde i fleire fagforbund åtvara mot ein ny avtale fordi dei meiner den vil svekkje utdanningstilbodet her i fylket.
- Eg er frykteleg provosert av desse fagforbunda som så tydeleg viser at dei er meir opptekne av eigne arbeidsplassar enn dei som dei er til for, nemleg elevane. Og i dette tilfellet her er det elevar som elles måtte ha budd på hybel.
- Men om ein brukar pengar i andre fylke svekkar ein utdanningstilbodet her i fylket?
- Poenget er at våre elevar ikkje hadde gått gratis om dei hadde gått på skule her i fylket heller.
Styrkar ikkje lokalsamfunna
Brosvik vedgår at å bruke pengane frå Hordalandsavtalen i Sogn og Fjordane ville ha styrke skuletilbodet i fylket.
- Det ville det gjere, og det hadde vore til glede for lærarane i Sogn og Fjordane. Men det hadde ikkje vore til glede for elevane i Gulen og Solund, og for lokalsamfunna som i dag har det godt med at ungane får kome heim og vere med i det sosiale og halde oppe desse samfunna som vi jobbar for å halde oppe, seier Brosvik.
Fleire på hybel
Egil Johnsen i Utdanningsforbundet meiner at eit framhald av hordalandsavtalen vil føre til fleire hybelbuarar her i fylket. Han trur at eit framhald av avtalen vil kunne føre til at ein må legge ned skuletilbod her i Sogn og Fjordane.
- Vi tenkjer på elevane sitt beste totalt sett i fylkeskommunen Sogn og Fjordane, seier Johnsen, og tilbakeviser kritikken frå Gulen-ordførar Trude Brosvik.
Nedlegging
- Spesielt kan vi nemne dei skulane som er nærast Gulen-området. Dei har svakt elevgrunnlag i dag, og ved ytterlegare svekking av elevgrunnlaget kan dei skulane stå i fare for å bli lagt ned, seier Johnsen.