Hopp til innhold

- Dette blir det berre meir av!

Førde Bilberging brukte 11 timar på å få ein semitrailer på vegen att etter at den hamna i grøfta onsdag kveld.

Semitraileren frå Årdal Gods og Ekspedisjon AS var på veg frå Skei mot Vassenden på E39 då han møtte to vogntog ved Sandnes mellom Årdal og Ålhus. Vegen er nokså smal på staden, og sjåføren la seg godt ut for å unngå å ta speglane på dei møtande bilane.

Arild Tistel ved Førde Bilberging

TRAVLE TIDER: Arild Tistel i Førde Bilberging.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Det førde til at høgre framhjulet kom utfor asfaltkanten, og sidan det ikkje er vegskulder på staden gjekk han rett i grøfta og la seg inntil grasbakken på oppsida av vegen, seier dagleg leiar Arild Tistel i Førde Bilberging.

LES OGSÅ: Her var det trangt å kome forbi

Tidkrevjande

Det vart ikkje særleg stor skade på semitraileren, og anna trafikk kunne passere. Men det skulle vise seg å bli tidkrevjande å få bilen oppatt frå grøfta.

– Semitraileren var lasta med materialar, og det er ein såkalla kapelltrailer, der det ikkje er faste veggar, men berre presenning på sidene. Dermed hadde lasta forskyvd seg, og vi måtte bruke mykje tid på å stabilisere den.

I tillegg var grunnen i grøfta så dårleg at dei måtte få tilkøyrt masse for å få eit stabilt underlag for det høgre hjulsettet på semitraileren. Det gjekk med nokre timar med å vente på det.

(Artikkelen held fram under biletet).

Luftputer som berga semitrailer (Førde Bilberging)

LUFTPUTER: Semitraileren vart løfta opp av slike puter, som kvar kan løfte 12 tonn.

– Då vi hadde fått massen på plass brukte vi luftputer til å løfte bilen opp frå grasbakken. Kvar luftpute kan løfte 12 tonn. Dette måtte vi gjere etappevis, og vi måtte kontrollere og sikre lasta for kvar etappe, seier Arild Tistel.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bergingsbil og semitrailer på E39 i Årdal i Jølster

STADIG FLEIRE OPPDRAG: Bergingsbilen frå Førde Bilberging med semitraileren som vart berga i bakgrunnen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Litt før klokka ni torsdag morgon hadde semimtraileren fått asfalt under alle hjula. Då hadde det gått vel 11 timar frå uhellet skjedde. Utpå føremiddagen var lasta levert til mottakaren, like heil. Semitraileren må ein tur til kontroll på verkstad, men køyrde for eiga maskin til mottakaren.

Kraftig auke i tal oppdrag

Arild Tistel i Førde Bilberging seier at den stadig aukande trafikken kombinert med mange strekningar med dårleg vegstandard gjer at det blir stadig fleire slike bergingsoppdrag.

– Frå 2010 til 2011 auka talet på oppdrag med over 20 prosent, og alt tyder på at auken held fram.

For Førde Bilberging betyr det auke i tal tilsette og bergingsbilar. I dag har firmaet seks tilsette, to tunge og fire lettare bergingsbilar, i tillegg til ein liten såkalla garasjebergar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dårlege vermeldingar

Og med det veret som er meldt ser det ut til at dei tilsette i Førde Bilberging og andre bilbergingsfirma kan få det travelt også dei komande dagane.

På Vegtrafikksentralen i Lærdal kan vaktoperatør Arne Stadheim melde om stille før stormen.

– Akkurat no er det slett ikkje så verst på vegane. Vi har rett nok kolonnekøyring på rv 13 over Vikafjellet, men der blir det truleg fri ferdsel utpå føremiddagen.

Men meteorologane har ikkje særleg oppløftande nytt for dei som vil ut på vegane i helga. Det blir meldt om til dels store nedbørsmengder og vind.

Stadheim trur likevel ikkje det blir uframkomeleg på alle fjellovergangane.

– På E16 over Filefjellet ser eg at det blir litt vind, men ikkje så mykje nedbør i morgon. På rv 50 Aurland-Hol blir det litt verre, men det ser ut til å bli plussgrader mellom klokka sju og 13 i morgon, og då blir det ikkje så mykje snøfok.

Stadheim reknar med at laurdagen på ein del fjellovergangar kan bli meir utfordrande for bilistane.

– For det er meldt om meir nedbør då, særleg på fv 53 Årdal-Tyin, og då blir det meir rasfarleg.