Hopp til innhold

Her var det trangt å kome forbi

Sidan seint onsdag kveld har det vore redusert framkome på E39 ved Jølstravatnet på grunn av ein semitrailer som låg i grøfta. Først 11 timar seinare var bilen på vegen att.

Semitrailer i grøfta på E39 ved Jølstravatnet

BILBERGING: Semitraileren kjem seg ikkje på vegen att ved eiga hjelp.

Foto: Jardar Raa Haugland

NRK fekk dei første meldingane om semitraileren ved 21.30-tida onsdag kveld, men verken politi eller Vegtrafikksentralen hadde fått melding om utforkøyringa på dette tidspunktet.

Då NRK snakka med politiet seinare onsdag kveld opplyste dei at det etter det dei kjente til ikkje skulle vere snakk om personskadar.

Semitraileren vart liggjande i grøfta i nærleiken av Årdal ved Jølstravatnet, og det det var heile tida passering i eitt køyrefelt forbi staden.

Etter det NRK har fått forklart skal bilen ha kome utfor asfaltkanten, før hengaren på bilen har velta over på sida. Den vart liggande med alle hjula på venstre side oppe frå asfalten.

Bilberging vart send til staden onsdag kveld, men torsdag morgon stod semitraileren framleis i grøfta. Det blir jobba med å få bilen på vegen att, men arbeidet er krevjande.

Tidleg torsdag morgon var E39 forbi staden stengd i periodar på inntil 30 minutt grunna bilberging. Dette heldt fram til klokka 09. Då sa Vegtrafikksentralen at vegen ville vere stengd i eitt køyrefelt på grunn av bilberging.

Førde Bilberging brukte til saman 11 timar for å få bilen på vegen att. Dagleg leiar Arild Tistel seier til NRK.no at stadig aukande trafikk kombinert med mange strekningar med dårleg standard har ført til ein auke i slike bergingsoppdrag.

Tidlegare onsdag kveld køyrde eit større køyrety opp i taket på Oppljostunnelen på Strynefjellet. Dette førte til at vegen her var stengd i over tre timar.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER