Hopp til innhold

- Det var rett å streike så lenge

Leiaren i Fagforbundet i Sogn og Fjordane meiner det var rett å vere i streik så lenge. Seint i går kveld kom partane til semje og dei over 300 streikande skal vere tilbake i arbeidet allereie i dag.

Solveig Løvik Norevik

NØGD: Fylkesleiar i Fagforbundet, Solveig Norevik, er nøgd med resultatet og meiner det var verdt å streike så lenge.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I snart to veker har tilsette i kommunesektoren lagt ned arbeidet over heile landet. Berre i Sogn og Fjordane har 333 arbeidarar vore i streik, og dersom partane ikkje kom fram til ei løysing var det varsla at ytterlegare 165 ville bli tekne ut i streik frå i dag av.

Men slik vart det altså ikkje. Like før klokka 22 tysdag kveld kom meldinga om at LO Kommune, Unio, YS Kommune og Akademikerne vart blitt samde med arbeidsgjevarane.

– Vi er godt nøgde med oppgjeret, og sjølvsagt veldig glade for at situasjonen no har kome seg og at folk kjem seg tilbake på jobb, seier Solveig Norevik som er leiar i Fagforbundet i Sogn og Fjordane.

– Streiken var verdt det

Både skular og barnehagar er blant institusjonane som har blitt råka av streiken i kommunane. Reinhaldarar, lærarar, SFO-tilsette og kommunetilsette har streika sidan torsdag for snart to veker sidan og etter ei gradvis opptrapping var det ved streiken sin slutt i går 331 streikande i Lærdal, Stryn, Jølster og Førde, i tillegg til fylkeskommunen.

Oppgjeret gir alle kommunetilsette eit lønstillegg på 2,7 prosent, eller minst 12 000 kroner. Det seier Norevik seg godt nøgd med.

– Det er alltid vanskeleg å seie om det er verdt å streike for noko, men det viser seg no at denne streiken var nok verdt det. Det var rett å gjere det, seier Norevik til NRK.no tidleg onsdag morgon.

Takkar for samhald og entusiasme

Alle dei som har vore tekne ut i streik skal vere tilbake i jobb ved dagens start onsdag, seier Norevik og fortel at ho ikkje har fått rapportar om at nokon ikkje skal kome tilbake.

Ho skryt over streikeviljen til dei som har blitt teke ut av arbeid desse to vekene.

– Det har vore eit fantastisk samhald og ein fantastisk streikevilje. Folk har stått på og heldt motet oppe, seier Norevik og takkar alle for jobben dei har lagt ned.

– Det er dei som har gjort til at vi har klart å få dette resultatet. Hadde dei ikkje vist vilje og entusiasme og heldt krava ved like så hadde det nok ikkje vore så lett å få til eit så bra resultat.