Hopp til innhold

Varslar kraftig streikeopptrapping

Dersom streiken i kommunesektoren held fram onsdag blir det ei kraftig opptrapping her i fylket.

Solveig Løvik Norevik

VARSLAR OPPTRAPPING: Dagleg leiar i Fagforbundet i Sogn og Fjordane, Solveig Løvik Norevik, seier dei vil ta ut ytterlegare 165 arbeidarar i streik onsdag dersom ikkje konflikta har løyst seg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

165 nye arbeidarar vil bli tekne ut i streik i Sogn og Fjordane, i tillegg til dei 331 som allereie er tekne ut. Frå i morgon vil dermed 496 vere i streik.

Hovudtyngda av dei 165 nye som blir tekne ut i streik vil vere i Årdal, der 147 tilsette legg ned arbeidet frå i morgon av. Dermed vil det vere fem kommunar, i tillegg til fylkeskommunen, som får merke konsekvensane av streiken i kommunesektoren.

Tilsette i Stryn, Jølster, Lærdal og Førde har vore tekne ut i streik sidan den byrja for snart to veker sidan.

I tillegg til dei 147 som blir tekne ut i Årdal, blir ytterlegare ni tekne ut i Førde, fem i Jølster, to i Stryn og to i fylkeskommunen.

– Områda som vert råka er det same som tidlegare; skuler, SFO-ar, administrasjon og teknisk etat, seier leiar i Fagforbundet i Sogn og Fjordane, Solveig Norevik.