Hopp til innhold

- Det er mykje meir jerv

Bøndene meiner det er mykje meir jerv i fjella – og at rovdyrforvaltninga har svikta.

Jervar felt i Sogn 15.04.09
Foto: Rein Arne Golf (Statens Naturoppsyn)

- Forvaltninga var elendig i fjor, og det fekk me svi for i fjor. No håpar eg det som no har skjedd er eit signal på at dei har teke lærdom, seier leiaren i rovviltutvalet i Luster, Arne Bjørk.

Les og diskuter: Fire nye jervar skotne

Sidan før påske har Statens Naturoppsyn tatt ut totalt 11 jervar i Indre Sogn.

Les og diskuter:

- Vi har sett spor

- Me veit at det er fleire, seier Bjørk.
- Kor mange?
- Me opererer med at det minimum er att seks dyr, men at det truleg er fleire.
- Korleis kan de vere så sikre?
- Det veit me ut frå sporobservasjonar me sjølve har sett.
- Men kan ikkje dei spora stamme frå dyr som alt er tekne?
- Nei.

Ekstraordinært vedtak

Jervane blir skotne for å unngå at sauer på beite blir drepne. Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere ynglande jerv i Sogn og Fjordane. Den vanlege jakta skjer mellom 15.september og 15.februar. Men no er det gjort ekstraordinært vedtak om skadefelling. Seniorrådgjevar i Direktoratet for Naturforvaltning Knut Morten Vangen seier dei gjer fortløpande vurderingar framover.

- Vi veit at det er jerv og ynglelokalitetar på opplands-sida. Så at det det vil tidvis vere jerv på desse stadene og, seier Vangen.

Ingen grunn til kritikk

Men Direktoratet meiner det ikkje er grunn til å kritisere dei for dårleg forvaltning, slik bøndene hevdar.

- Når vi no går inn og gjer ekstraordinære tiltak skald et jo skje i ekstraordinære tilfelle. Vi føler at vi har vurdert situasjonen gjennom fleire år og i år fann vi ut at det var rett å ta ut det talet vi har gjort, seier Vangen.