Hopp til innhold

Fire nye jervar skotne

Til saman er det avliva 11 jervar i indre Sogn.

Jervar felt i Sogn 15.04.09
Foto: Rein Arne Golf (Statens Naturoppsyn)

Fredag vart det skote ein hannjerv i Lærdal. Laurdag vart ei vaksen tispe og to tispekvelpar avliva i eit hi i Luster.

Til saman har Statens Naturoppsyn skote 11 jerva i indre Sogn, sju vaksne dyr og fire kvelpar.

Fann hi i Mørkridsdalen

- I går vart det oppdaga noko som kunne vere yngling i Mørkridsdalen i Luster. Då fatta vi eit munnleg vedtak om å ta ut tispa og kvelpane, og det vart gjort i føremiddag, seier Knut Morten Vangen, seniorrådgjevar i Direktoratet for Naturforvaltning.

Han kan ikkje utelukke at det vert skotne fleire jervar i indre Sogn.

- Vi har felt eit høgt tal dyr. Registreringa av ynglingar pågår enno, så det blir ei fortløpande vurdering framover, seier han.

Vanskeleg å finne spor

Onsdag vart det teke ut ei tispe og to ungar på halvøya mellom Årdal og Luster, nærare bestemt i Krokadalen .

Registreringa av spor pågår så lenge det er forhold for det. Men i følgje Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn er det no vanskelege forhold for å leite etter spor i fjellet.

- Vi driv overvaking av jerv, men det er ikkje aktuelt å vere så veldig aktive i feltet. Vi kjem til å vere mindre aktive til vi får betre sporingsforhold, seier han.