Hopp til innhold

- Den har stor betydning for distriktet

SELJE (NRK): Det nye fartøyet rommar 30 arbeidsplassar, og skal ta sin første fisketur over helga.

Sigvor Ervik døyper båten Vestliner.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

- Den betyr nok ein del for kommunen og distriktet, seier dagleg leiar i Ervik Havfiske, Stig Ervik.

Saman med han hadde det møt opp mellom 150 og 200 personar på kaia for å få med seg dåpen av det nyaste fartøyet i flåten til selskapet frå Stad.

- Den er bygd i Russland, men gjort ferdig her lokalt, fortel han medan han blir overausa av regn frå oven og gratulasjonar frå dei frammøtte.

Tremenningane Kjell Magne Ervik og Stig Ervik starta Ervik Havfiske.

DÅP: Tremenningane Kjell Magne Ervik (t.v) og Stig Ervik (t.h) kjøpte sin første båt i 1987. No har dei bygd opp selskapet til å bli eit av verdas største linerederi.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Trøblete dåp

Seljeværingane var tydeleg stolte av det selskapet har klart å bygge opp og utvikle seg til å bli. Den stoltaste av dei alle på brygga laurdag var truleg gudmora, som også er mor til Stig Ervik.

- Dette var grådig kjekt. Og at så mange kom for å sjå var flott. Eg er særs takksam for at eg fekk lov til å døype båten, seier Sigvor Ervik, som måte smelle champagneflaska fire-fem gonger i båten før den endeleg sprakk.

Båten er bygd for å legge ut på fiske i seks veker i slengen, og allerie over helga går første reise.

- Gratulerer med dagen, og måtte hell og lukke følgje båten. Og må mannskapet som er ombord ha det godt, sa ordførar i Selje, Stein Robert Osdal i si helsing under dåpen.