Fylkeskommunen har søkt om 93 millionar til omstilling dei næraste fem åra. Og fylkesordførar Nils R. Sandal ser postivt på det som no blir foreslått i det reviderte nasjonalsbudsjettet, for regjeringa lovar å kome med meir pengar i budsjettet for neste år.
Fylkeskommunen styrer
Det er fylkeskommunen som no får desse første 5 millionane, og fylkeskommunen får avgjere korleis skal dei brukast i dei tre kommunane.
I tillegg til 5 millionar til fylkeskommunen får Statens industrivekstanlegg - SIVA - 2 millionar i år til bruk i Florø, og samstundes blir dei pålagt å prioritere Sogn og Fjordane med industrisatsing framover.
Heidi Grande Røys (SV) meiner 5 millionar er ein hån.
- Hån mot dei arbeidsledige
Men stortingsrepresentant Heidi Grande Røys frå SV seier derimot at regjeringa sitt forslag om fem millionar kroner er ein hån mot dei arbeidsledige.
- Det er ei akutt utfordring i Årdal og Høyanger sidan Hydro har vedteke å nedbemanne med 355 arbeidsplassar, og arbeidsløysa er i dag 7 prosent i Flora. Derfor meiner Grande Røys at det hastar med å koma i gang med tiltak no.
Møtte statsrådane
Nils R. Sandal (Sp) er nøgd med regjeringa si løyving.
Midlane kjem etter at fylkesordførar Nils R. Sandal møtte næringsminister Ansgar Gabrielsen og kommunalminister Erna Solberg i går. Sandal var i Oslo for å drøfte søknaden om 93 millionar kroner i ekstraordinære omstillingsmidlar til Flora, Høyanger og Årdal.
Sandal er samd med Jens Stoltenberg i at regjeringa har gjort alt for lite for å få i gang omstillingsprosessane i dei råka kommunane.