Bondelaga i Gloppen krev at no må partane i veterinærkonflikten verkeleg ta ansvar for å kome til ei løysing.
Det er i ein felles uttale dei kjem med dette kravet.
Ansvarsfråskriving
Dei skriv at maktkampen ber preg av arroganse og ansvarsfråskriving.
- Sponheim skubbar dyrevelferda framføre seg i kampen mot veterinærane. Det seier Vidar Sandal, leiar i Samstyret for Bondelaga i Gloppen.