Hopp til innhold

- Årdal er redda

- Faren er over i Årdal, konkluderte statsminister Jens Stoltenberg på årsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeiderparti laurdag.

Statsminister Jens Stoltenberg
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Regjeringa har dei siste månadane fått hard medfart for det mange meiner er brot på valløftene om ein aktiv industripolitikk. Lagnaden til dei 134 tilsette ved Hydro i Årdal som skulle mista jobbane ved nyttår er blitt til ein test på truverdet til partiet.

Metallverket i Øvre Årdal.
Foto: NRK

Skryteliste

Svaret frå Stoltenberg i dag var ei skryteliste med litt nytt og litt gamalt: dørfabrikk for 60 tilsette, omstillingsmidlar frå Hydro og framleis billeg kraft til industrien i Årdal. Som ein del av den avtalen Hydro no har inngått med Årdal kommune garanterer dei også for stor aluminiumsproduksjon også i framtida.

I sum meiner Stoltenberg at dette friskmelder Årdal.

- Det er få andre stader i Noreg me har lagt betre an når det gjeld omstilling enn det me i dag gjer i Årdal.

- Garantiar gjev me sjeldan, men me har god erfaring frå Glomfjord, Porsgrunn og Høyanger på at når me får til denne typen avtalar, så tryggar me arbeidsplassar, seier Stoltenberg.

- Klare svar

Leiar i Årdal Arbeiderparti, Hilmar Høl, er tåleg nøgd med statsministeren sine signal.

- Stort sett var dette klare og gode svar, men eg vil gjerne vite meir om korleis staten skal utøve press overfor Hydro, seier Høl.

Vil forlenge drifta

Fredag vart det også kjent at Hydro vil søkje om forlenga drift ved dei eldste smelteomnane i ti månader. Etter planen skulle det gamle og ureinande Søderberg-anlegget stengjast 1. januar 2007. Men Hydro vil forlenge drifta til den nye dørfabrikken er på plass, for å unngå sende folk ut i arbeidsløysa. 134 personar mister jobben når den eldste delen av metallverket vert stengd.