Fylkeslege Petter Øgar
Dette er svake grupper som ikkje får det tilbodet dei har krav på, seier fylkeslegen.
Det er i ein artikkel i årets helse- og sosialmelding at fylkeslege Petter Øgar kastar denne brannfakkelen inn i ein alt oppheta debatt.
Svake grupper taper
Han slår fast at psykisk sjuke, eldre og rusavhengige i dag ikkje har eit så godt tilbod som dei burde ha i Sogn og Fjordane. Etter hans syn er dette svake grupper som ikkje når fram i kampen om ressursane på grunn av det sterke fokuset på akuttberedskap.
HF-direktøren samd
Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, kjenner seg igjen i dette. - Det er øyeblikkeleg hjelp som er interessant i debatten. Kven som står i fremste linje og ivaretek dei ulike gruppene er vesentleg. Dei eldste går ikkje i tog og skriv ikkje innlegg i avisene, seier Bolstad.
Psykiatrien forsvinn
Gerd Bjørkedal, leiar i Mental Helse Sogn og Fjordane, er også samd i utspelet frå fylkeslegen. - Fokuset på psykiatrien forsvinn i alle utspela om akuttberedskap, seier ho.
Haga forstår ikkje Øgar
Ein av dei som har stått på barrikadane i kampen for å oppretthalde akuttberedskapen på Nordfjord sjukehus er barnelege Ole Sverre Haga.
Han forstår ikkje argumentasjonen til fylkeslegen. - Påstanden om at akuttberedskapen tek pengar frå andre område heng ikkje på greip, seier han.