Hopp til innhold

Profesjonalisering av folkemusikken

Inntil for vel 20 år sidan fanst det inga formell godkjend utdanningsordning for folkemusikk her i landet. Spelemenn, kvedarar og dansarar var framleis i stor grad ei amatørrørsle. Forvaltarar av ein levande tradisjon, men utan formell kompetanse.

Norges Musikkhøgskole

Norges Musikkhøgskole

Foto: Kjetil Ree / Wikimedia Commons

Men då det først skjedde noko, skjedde det meste samtidig.

Norges musikkhøgskole oppretta professorat i folkemusikk i 1989. Folkemusikklinje på vidaregåande skule vart oppretta fleire stader, og etter kvart kom også høgskulane Raulandsakademiet og Ole Bull Akademiet på Voss.

Eit definitivt gjennombrot for folkemusikken kom i 1997 då Kulturskulelova vart vedteken i Stortinget. Dermed vart kulturskulane eit lovpålagt tilbod i alle kommunar.

På desse 20 åra er det mange hundre folkemusikkutøvarar som har skaffa seg pedagogisk og utøvarretta utdanning i folkemusikk.
Og det er mange som har skaffa seg eit levebrød enten som lærarar eller utøvarar eller ein kombinasjon av desse.

Dette har alt saman vore med på å gi folkemusikken status som sjølvstendig kunstform på lik line med f.eks. jazz, kunstmusikk og rock.

Resultatet er at folkemusikken har vunne sin eigen godt synlege plass i kulturlivet. Og ikkje lenger berre som bruksmusikk, men som ei sjølvstendig musikkform med sterke sosiale og estetiske kvalitetar.

Noregs musikkhøgskule
Musikkhøgskulen gir musikkutdanning som utøvar, kyrkjemusikar, dirigent, komponist, musikkpedagog og musikkterapeut. Kandidatstudiet i utøving er retta mot utdanning av musikarar på høgt nivå, for både solistar og ensemble. Studiet skal gje høve til spesialisering innan ulike sjangrar, som til dømes folkemusikk.

Ole Bull-akademiet
I samarbeid med Griegakademiet driv OBA eit studium for folkemusikkutøvarar, og 2009 saman med Rff-sentret og NTNU eit bachelorstudium i tradisjonsdans. OBA arrangerer Osafestivalen kvar haust, og har eigen instrumentverkstad. OBA har ca 700 studentar årleg på vekeskurs i norsk folkemusikk og -dans.

Høgskolen i Telemark / Raulandsakademiet
Hit sitt Institutt for folkekultur ligg i Rauland i Vinje kommune. Studentane får individuell undervisning av lærarar som sjølve er aktive folkemusikkutøvarar. Instituttet har gode øvingslokale og eige lydstudio som studentane kan nytte til eigne produksjonar. Kvar februar arrangerast Rauland Internasjonale Vinterfestival.

Norsk folkeleg dans
Norsk folkeleg dans er eit studieemne for dei som vil utvikle sin eigen dansestil i forhold til tradisjon, stil, takt og rytme[. Studieemnet er eit samarbeid mellom NTNU, RFF-senteret og Noregs Ungdomslag (NU)

Toneheim Folkehøgskule
Musikkskule med hovudvekt på klassisk, jazz og folkemusikk. Inntak skjer etter hovudinstrument.

Landsline for folkemusikk – Vinstra vidaregåande skule
Vinstra vidaregåande skule er den einaste lina i Norge for musikk, dans, drama med fordjuping i folkemusikk. Spelar du eit folkemusikkinstrument eller syng har du her moglegheit for å fordjupe deg i folkemusikk. www.vinstra.vgs.no