Hopp til innhold

Innsamling av folkemusikk

Det var i 1840-åra at innsamlinga av folkemusikk tok til for alvor. Men også tidlegare var enkelte melodiar kome på trykk.

Knut Stordokk

Knut Stordokk

Foto: Rolf Myklebust / NRK

Ein fornøyeleg oppteikning

Den eldste noteoppskrifta vi kjenner til er frå 1740, med tittelen «Das Unterirrdische Klippen-Koncert in Norwegen» (Den underjordiske klippekonserten i Norge), og er gjeve ut på eit tysk forlag.

Historia om denne oppteikninga er ganske fornøyeleg. Det er stadsmusikant Heinrich Meyer i Bergen som har skrive ned slåtten, ein halling, etter ei oppleving i 1695 som gjorde eit uutsletteleg inntrykk på han.

Det var julekvelden det året at Heinrich Meyer og læraren hans, Paul Kröplin, samt ein kantor og ein organist, vart inviterte av ein bonde til å bli med han ved midnattstider julekvelden for å høyre musikk som strøymde ut frå eit berg i nærleiken av garden hans.

«Snart begynte det å klinge i fjellet. Først ble det slått an en akkord. Deretter fulgte forspillet på orgel, og like etterpå ble det ordentlig musisert med sangstemmer, zinker, basuner, fiolinar og andre instrumenter, uten at det var noe å se», skriv Meyer.

«Dette som jeg har skrevet er alt sammen sannhet, og melodien som står på tittelbladet har jeg selv med mine egne ører hørt i et fjell like ved byen Bergen i Norge, og fremfor andre bevart i hukommelsen. Dette bekreftes med min egen hånd

Vi må vel tru at bonden og den spelemannen han hadde samrådd seg med lo godt då dei forvirra og overtruiske byfolka drog heim 1. juledag. Men slåtten dei hadde høyrt kom altså på notar i 1740, 45 år seinare. Og det er ingen tvil om at det var ein halling Meyer hadde høyrt ved berget utanfor Bergen.

Samlingar med folkemelodiar

Neste gong norske folkemelodiar kom på trykk var i 1780 i eit fransk verk. 21 melodiar er med her. I 1812–14 kom ei dansk samling med 30 norske melodiar.

Men den første samlinga utført i Norge av nordmenn kom i 1840, då den kjende eventyrsamlaren Jørgen Moe gav ut «Samling av Sange, Folkeviser og Stev i norske Almuedialekter». Til denne samlinga leverte L.M. Lindeman eit eige bilag med 19 melodiar. Alt året etterpå, i 1841, kom så Lindeman med si fyrste sjølvstendige samling «Norske Fjeldmelodier».

Norske Fjeldmelodier av L.M Lindeman

Norske Fjeldmelodier av Ludvig M. Lindeman

Foto: Lindemanslegat.no

Fram til hundreårsskiftet kom det fleire samlingar. M.B. Landstad i 1853: «Norske Folkeviser», med melodibilag ved Lindeman. Olea Crøger har ein stor del av æra for denne samlinga. Samtidig tok Lindeman til å gi ut den store standardsamlinga med namnet «Ældre og nyere norske Fjeldmelodier.»

Fram til 1867 var det trykt 592 melodiar, alt saman arrangert for klaver.

Den fyrste viktige samlinga av hardingfelemusikk kom i 1865. Det var C. Chart som gav ut «7 norske Slaatter for Hardangerfele» med oppteikningar etter Myllarguten i Telemark. Den neste samlinga kom ikkje før i 1905, då Johan Halvorsen gav ut «Norwegische Bauerntanze», i alt 17 slåttar skrivne ned etter Knut Dale i Tinn.

Frå Lindeman si tid og framover er det ei rekkje samlarar som har gjort ein stor innsats. Vi kan nemna O.M. Sandvik (1875-1976) og Catarinus Elling (1885-1942) og Truls Ørpen (1880-1958). Arne Bjørndal (1882-1965) kjem ein heller ikkje utanom.

Vi har også fått standardverket om hardingfelemusikken, Norsk Folkemusikk, i sju bind. Olav Gurvin (1893-1974) var redaktør, og redaksjonskomiteen samansett av Truls Ørpen, Arne Bjørndal og Eivind Groven (1901-1977). Verket vart fullført i 1981 av Reidar Sevåg (f. 1923), Sven Nyhus (f. 1932) og Jan Petter Blom (f. 1927).

Arbeidet med eit tilsvarande standardverk for folkemusikken på vanleg fele er kome svært langt. Fyrste bindet, folkemusikken i Gudbrandsdalen, kom i 1993, og 1995 det andre om Nordfjord-musikken. Det er Reidar Sevåg, Olav Sæta og Sven Nyhus som står for dette arbeidet. I tillegg må nemnast «Norske religiøse Folketoner» i to bind, av O.M. Sandvik.

Etter at lydbandopptakaren kom, vart innsamlinga av folkemusikk revolusjonert. Norsk Rikskringkasting har verdas største opptaksarkiv av folkemusikk med om lag 60.000 registrerte enkeltopptak.

Norsk Folkemusikksamling ved Universitetet har også ei stor samling av folkemusikk. Det same har Rff-senteret i Trondheim, som særleg har forska på dansetradisjonane.

Dei siste 25 åra er det også bygt opp store lokale arkiv fleire stader i landet. Dette har skjedd i samband med skipinga av fylkeslag for spel og dans, og oppretting av fylkeskommunale stillingar for folkemusikktilsette.