Hopp til innhold

Folkemusikken og NRK

Heilt sidan 1931 har Norsk Rikskringkasting hatt faste sendingar med folkemusikk i radio.

Brita Bratland og Rolf Myklebust

Brita Bratland (1910-1975) og Rolf Myklebust (1908-1990) i studio.

Foto: Jan Nordby / Jan Nordby, NRK

Det er kanskje ikkje så mange som veit at NRK er den einaste radiostasjonen i Europa med eigen folkemusikkredaksjon og tilsette som arbeider berre med føremålet å laga sendingar om og med folkemusikk. Dette er i seg sjølv oppsiktsvekkjande, og bør vera ein tankevekkjar for dei fleste.

I folkemusikkarkivet i NRK finst 60.000 enkeltopptak med spelemenn og songarar frå heile landet. Ein eineståande dokumentasjon av musikk som i, mange tilfelle ville vore tapt for ettertida hadde det ikkje vore for innsamlingsarbeidet i NRK gjennom snart 80 år.

Folkemusikktimen i P2-Kulturkanalen i radio er nesten som ein eigen «institusjon» å rekne.

Sidan 2005 har dessutan NRK gjort avtale med eit plateselskap om å gi ut folkemusikk på CD frå arkivet. Dette er i realiteten inga nyskaping, men ei oppattaking av eit arbeid NRK tok ansvaret for i over 20 år på 1950 og 60-talet. Men arbeidet har ligge nede sidan tidleg 70-tal.

Sidan 2005 har NRK gitt ut over 40 CD-plater med folkemusikk frå arkivet sitt.